I sommar har spelemannslaget - i lag med ungdomslaget - vore på 2 cruise-skip og hatt spel- og danseshow for turistane. Det har vore underhaldande både for oss og for turistane. Samarbeidet med dansarane i ungdomslaget har vore godt, og no frametter ønskjer me eit endå tettare samarbeid med dei.
Kulturskuleelevane som har vore med oss ein del i vår, kjem no for alvor med i laget, og me ønskjer dei hjartans velkomen til Lyngheimtunet, onsdag 21. august kl. 18.30!