Jubileumsfest på Steindalsetra, 25. mai 2013

Jubileumsfest på Steindalsetra, 25. mai 2013

Publisert av Svein Inge Hovland den 23.06.17.
25. mai i år arrangerte Os Spelemannslag og Os Ungdomslag jubileumsfest på setra. Både folk og hest fann vegen til setra denne fine mai-dagen.


​                                        Velkomst  


                              Spelemannslaget

 
                                           Seterhesten


          Fjordingen "Sissel" lyttar til bruremarsj frå Jostedalen                                                 

  
      Hyttesjefen Hildegun Hauge fortel historia til setra


                                    Kvedaren Eirin  

 
               Betasuppe frå "kysten" smakte godt 

                                Matøkt i gamlestova

 
                           Jimmy Øvredal les eigne dikt
 
                                Spelemannslaget på tunet

Os Ungdomslag har brukt hytta sidan 1916 (frå Osingen 1994,s. 24), så det sit mange dansemelodiar og songar i dei gamle tømmerveggane. Fleire somrar har Os Ungdomslag invitert til fest, der det har vore servert graut på eit 6 meter langt bord pynta med sommarblomar. Dansen har gått til mørkret har lagt seg rundt tunet. Først då var det tid for å tenkja på heimvegen. Hytta har vore samlingsstad for mang ein dugnadsgjeng. Viljen til å ta eit tak for fellesskapet har vore stor på denne plassen.