Dansekveld på Os

Publisert av Svein Inge Hovland den 17.01.18. Oppdatert 31.03.18.

Invitasjonen går til: Stord Folkedanslag, Fana Ungdomslag, Nordbygda Ungdomslag, Tysnes Ungdomslag, Fusa Ungdomslag,  Arnaringen, Sotra folkedanslag, Bergen ungdomslag ervingen og Leikarringen i Os Pensjonistforening. Dessutan til spelemannslaga Kvinnherad Folkemusikklag, og Os Spelemannslag.

Det vert ein kveld med tradisjonell gammaldans, litt bygdedans, turdanser og litt songdans. Innimellom vert det allsong og andre kulturelle innslag. Og for ikkje å gløyma betasuppe frå kjøkenet på Kysthospitalet. Kaffi og kaker skal de òg få. Dessutan vert det åresalg og fine premiar. 

Pris. Kr. 300,- (inklusiv mat). (Medlemmer av ungdomslag kr. 250,-). Ikkje medlem enno? Det kostar 250,- pr. år, og då får du mellom anna redusert pris på leige av lagshytta vår, Steindalsetra (sjå Steindalsetra)

Påmelding innan 2.mars. Tlf.: 952 10 469 / 907 62 802 eller steindalsetra.no

Treng du overnatting?  Ta direkte kontakt med Bjørnefjorden Gjestetun tlf. 56304000 

Helsing 

Os Ungdomslag