Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

Publisert av Svein Inge Hovland den 25.06.17.
 

Historie. Os spelemannslag fyller 50 år i år. Frå Os-soga siterer vi:"I det gamle Os herad var det eit livleg spelemannsmiljø. I dei dagar var det naudsynt å ha spelemann i brudlaup, og dei trulova måtte somme tider venta med giftinga til dei fekk tak i spelemann.” Dette var stoda i Os for hundre år sidan.

Det er imidlertid lite som tyder på at denne speleaktiviteten var organisert i noko lag. Her i Os var det ein liten flokk som spelte hardingfele ved den første "Os-mønstringa" i 1949. Dei står oppført i programmet som "Os spelemannslag". Men desse spelemennene slutta øvingane etter Os-mønstringa.

Til den andre Os-mønstringa i 1959 vart det på nytt spørsmål etter spelemenn på hardingfele til kulturkveldane. 9-10 spelemenn, med Sjumann Askvik i spissen, øvte no spesifikt fram mot nemnde mønstring. Frå no av heldt dei fram med øvingane, også etter Osmønstringa, og ein reknar difor 1959 som skipiingsåret for Os Spelemannslag.

Opning ved foten av breen.  Kappleiken 2009 tjuvstarta   fredagskvelden med ein konsert til minne om spelemannen Sjur Hesjevoll.  Den fann stad i den spektakulære Brekatedralen ved foten av Nigardsbreen, som igjen er ein del av Norges største isbre: Jostedalsbreen. Det vart ein strålande konsert, i tillegg til at det var plateslepp.  Den fullsette salen fekk høyra mange gode historiar og mange godord om nemnde folkemusikar.

 Kappleik er eit anna ord for konkurranse, og i dette tilfellet er emnet: Song, dans eller spel. Ein kan melda seg på som lag eller individuelt. På laurdag  konkurrerte musikarar frå  heile Vestlandet etter ein nøye oppsett plan. Dei kom inn på podiet på rekke og rad: Rekruttar, juniorar og seniorar -  og framførte sine danse- , song-  eller speleinnslag.

Flest utøvarar stilte opp i  kategorien  ”Spel på hardingfele for seniorar”. Den som går til topps her får samstundes eit godt skussmål på den  vidare spelemannskarrieren.

Vinnar  her vart  Gro Marie Svidal frå Indre Sunnfjord spelemannslag. I salen sat  eit publikum på rundt 100 + eit domarpanel på tre.  Dei sistnemnde noterte  flittig  etterkvart som spelinga  heldt fram.

Dei fleste  aktørane var åleine.  Særleg merksemd fekk den profesjonelle musikaren  Ingar Ben Nordby,  til dagleg perkusjonist i ”Harmonien”. Ved dette høvet sto han fram som tambur. Dette trommeinstrumentet var svært vanleg i tidlegare tider, t.d. i brullaup.

Ingar Ben Nordby kunne meir enn dette. Han spelte ”Pål sine høner”  og ”Vår Gud han er så fast ei borg”   -   på sag.  

Os spelemannslag stilte ikkje opp i sjølve kappleiken ved dette høvet. Vi reiste til Jostedalen for å sjå, høyra og læra.  Men vi hadde meldt oss på til underhaldning og dans på laurdagskvelden. Og vi hausta mykje lovord for stødig og godt spel. Frå spelemannslaget stilte Olav Hauge, Svein Inge Hovland, Tuva Hovland og Arne Halveg på hardingfele, Steinar Vangdal på trekkspel/gitar og Norvald  Kobbeltvedt på hardingfele/gitar.

Synfaring. Nestor i Os spelemannslag, Arne Halveg, kjem frå desse traktene.  Og søndags morgonen tok han oss med på synfaring til heimplassen sin Halveg, ei lita grend  langt oppe i fjellsida. ”Idag er det bilveg heilt fram, men i min barndom laut all ferdsel til og frå grenda skje til fots. Då eg sju år gammal byrja på skulen, var det som å koma til ei anna verd. Eg hadde aldri sett så mange menneske før….,” fortel Arne. I dag er det Arne sin bror Birger  og kona Kari som eig og driv garden. ”Eg  ventar berre på telefon frå Oddgeir Bruaset  med spørsmål om å bli med i ”Der ingen skulle tru, at nokon ville bu””, seier Birger.

Folketonemesse.  Frå garden langt oppe i fjellsida gjekk turen ned att til bygda og Jostedal kyrkje. Folkemusikkmønstringa skulle avsluttast med  folketonemesse.


 

Dette er ei trekyrkje frå 1660, rikt dekorert med bibelske motiv  innvendig, både  på veggar og tak.

Preludium i messa var  ”Brudemarsj frå Jostedalen”, utført av Jostedal Junior-Spelmannslag. Høgmessa inneheldt dei vanlege messeledda, slike som kyrie,  gloria, truvedkjenning og preike. Men innimellom framførte utøvarar  både vokale og instrumentale innslag, alt saman vakker folkemusikalsk drakt.  For underteikna vart postludiummet det musikalske høgdepunktet i høgmessa: Brudemarsj frå Nordfjord og Sogn; to hardingfeler i   samspel med  trekkspel, framført av Håkon Høgemo, Jon Oddvar Kandal og Helene Bolstad. Vakkert og stemningsfullt!

Os neste?  Det er eitt år til neste Vestlandskappleik. Kanskje den då, eller året etter, kan arrangerast i Os, med vårt lokale spelemannslag som vertskap?  Det nye kulturhuset ”Oseana”, med Bjørnefjorden og Folgefonna som kulisser, bør bli ei perfekt ramme kring eit slikt arrangement……

Norvald Johan Kobbeltvedt

lørdag 19. oktober kl. 12:12

60 års jubileumsfest

torsdag 31. oktober kl. 11:08

Bunadbonanza i Oseana

torsdag 31. oktober kl. 11:00

Dans på Litlabø, Stord

søndag 13. oktober kl. 01:00

Dans i løo på Helland, Eikelandsosen

torsdag 05. september kl. 01:00

Velkomen til Steindalsetra!