Tredje virusbølgje stoppar årsmøte...
Årsmøte og øvinga som var planlagt i Kløvertun, onsdag 24. mars, blir no utsett til juni, grunna tredje bølgje av pandemien som er venta i vekene som kjem.
Årsmøte og øvinga som var planlagt i Kløvertun, onsdag 24. mars, blir no utsett til juni, grunna tredje bølgje av pandemien som er venta i vekene som kjem.
Det blir årmøte 24. mars i sanitetshuset "Kløvertun", kl. 18.00. Etter årsmøte blir det vanleg øvingskveld. Etter denne kvelden tek me påskeferie fram til 7. april, også då i Kløvertun. Vel møtt!
Godt nytt år til alle! Håpar de har hatt ei fin julahelg. Nye retningslinjer frå regjeringa gjer at me ikkje kan møtast til øving den 6. januar likavel. Dersom det blir opna opp att den 18. januar, kan det bli øving onsdag 20. januar. Då blir det informert om det både på e-post og på facebook. Hald ut, og spel masse på eiga hand! 😅
"Korona-tilrettelagt" øving! I heile januar skal me øva i Kløvertun frå kl. 18.00 - 20.30. (Mrk tidspunket.) Her er det god plass til alle. Oppstart blir 6. januar kl. 18.00. Alle tar med seg litt biteti, og så syter leiaren for kaffi. Styret møter kl. 17.00 for eit lite styremøte. Elles er "Bygdakvelden" i Oseana utsett til 18. september 2021, av di kor og orkester ikkje har fått høve til å vera saman til øving i haust.
Hei! Det vert ikkje øving i spelemannslaget på denne sida av nyåret. Øvingslokalet vårt på Lyngheim er dessverre ikkje så godt eigna for å samlast i, no når koronaen herjer bygd og by.