Godt nytt år!

Godt nytt år!

04.01.21 15:21 av Svein Inge Hovland

Godt nytt år til alle! Håpar de har hatt ei fin julahelg. Nye retningslinjer frå regjeringa gjer at me ikkje kan møtast til øving den 6. januar likavel. Dersom det blir opna opp att den 18. januar, kan det bli øving onsdag 20. januar. Då blir det informert om det både på e-post og på facebook. Hald ut, og spel masse på eiga hand! 😅

Les mer
Korona-tilrettelagt øving

Korona-tilrettelagt øving

23.12.20 14:01 av Svein Inge Hovland

"Korona-tilrettelagt" øving! I heile januar skal me øva i Kløvertun frå kl. 18.00 - 20.30. (Mrk tidspunket.) Her er det god plass til alle. Oppstart blir 6. januar kl. 18.00. Alle tar med seg litt biteti, og så syter leiaren for kaffi. Styret møter kl. 17.00 for eit lite styremøte. Elles er "Bygdakvelden" i Oseana utsett til 18. september 2021, av di kor og orkester ikkje har fått høve til å vera saman til øving i haust.

Les mer
Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

20.06.17 18:52 av Svein Inge Hovland

Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag, Rosendal, oktober 2014 Det vart ein god øvingslaurdag i lag med Kvinnherad Folkemusikklag. Det viste seg at vi hadde mange runddans-melodiar felles, og i tillegg eit par bygdedans-slåttar. Laget i Rosendal hadde stelt i stand ein skikkeleg god lunsj på barneskulen, der vi òg øvde saman. Om kvelden var det middag og samspel i ”Snikkeriet”.

Les mer
Konsert med Ludo

Konsert med Ludo

20.06.17 19:36 av Svein Inge Hovland

Konsert med "Ludo" i Mattiaskjellaren Botnevik gard (Bjørkeflaten 15, Os) Sundag 9. mars 2014, kl. 17.00 Åsmund Espeland, kontrabass Steinar Rygg, hardingfele/fele Magne Thormodsæter, gitar Norsk folkemusikk og Balkan-rytmar Pris kr. 100,- Arrangør: Os Spelemannslag

Les mer
Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

25.06.17 22:04 av Svein Inge Hovland

Os Spelemannslag på kappleik i Jostedalen, hausten 2009 Første helga i oktober i år fann Vestlandskappleiken stad i den vesle bygda Gjerde øvst i Jostedalen. Ikkje spesielt rart at spelemønstringa vart arrangert nettopp her, ettersom folkemusikken står særs sterkt på desse traktene: Rundt 100 av dei 350 innbyggjarane er medlemmer i Jostedal spel- og dansarlag. Os spelemannslag var også med. Ikkje som deltakar i kappleiken denne gongen, men for å få med seg musikken og stemninga, og for å spele til dans laurdagskvelden. 11 osingar reiste i meir eller mindre samla flokk nordover og camperte saman i to hytter på Jostedal campingplass.

Les mer

Kategorier