Folkedans i Oseana, laurdag 13. oktober kl. 19.00

Publisert av Svein Inge Hovland den 24.09.18. Oppdatert 04.10.18.

Laurdag 13. oktober kl. 19.00 spelar Os Spelemannslag, Spelemannslaget Fjellbekken og visegruppa Konvaljen til dans i Oseana. Musikken kjem til å gå kontinuerleg heile kvelden, berre avbrutt av nokre økter med songleik, ringdans og turdans. Innimellom vert det litt underhaldning.

Oseana Kafé og Restaurant er open frå 18.00 - 21.00, og her kan du kjøpa deg mat når du treng ein pause.

Konferansier: Steinar Bøe. Leikleiar: Oddrun Larsen.

Pris kr. 275,-

Billettar får du på Ticketmaster eller ved inngangen.

Os Spelemannslag:

Spelemannslaget Fjellbekken: