Folkemusikk ved Bjørnafjorden, Oseana, laurdag 4. november kl. 19.30
Folkorg er landslaget for alle som er interessert i og driv med folkemusikk og dans. Folkorg er 100 år i år og Bjørnafjorden spelemannslag vil vera med på å markera jubileet. Me byr difor inn til ein heil kveld med Folkemusikk ved Bjørnafjorden.
Konsert v/Bjørnafjorden spelemannslag med gjester:
Knut Hamre hardingfele, Rolf Seldal slåttetromme, Eirin Røykenes vokal/kveding og elevar frå kulturskulen.
Durspelsamskipnaden og Bjørnafjorden spelemannslag spelartil dans.
Småretter og open bar!
Bill kr. 350,- ved inngong eller Ticketmaster