Hanus G. Johansen i Lyngheimtunet

Publisert av Svein Inge Hovland den 21.02.17. Oppdatert 12.03.17.
Tysdag 21. februar held Hanus G. Johansen frå Færøyane konsert i Lyngheimtunet. Os Spelemannslag har vore på tur til Færøyane, våren 2015, og den gongen fekk laget godt kjennskap til visekunstnaren frå øyane i vest. No har Hanus vore på Vestlandsturné, og avslutta i Lyngheimtunet denne tysdagen. Karin Flatøy Svarstad frå Nordfjord har godt kjennskap til Færøyane, og ho held foredrag om landskapet, og ikkje minst om sau og ull. Ottar Fyllingsnes lanserte den nye boka "Færøyane". Spelemannslaget stod som arrangør denne kvelden, og serverte kaffi og kaffimat til alle dei som kom for å få ei færøysk oppleving ein tysdagskveld i februar.