Folkemusikk ved Bjørnafjorden

Folkemusikk ved Bjørnafjorden

Publisert av Svein Inge Hovland den 15.10.23. Oppdatert 17.10.23.

Folkemusikk ved Bjørnafjorden, Oseana, laurdag 4. november kl. 19.30
Folkorg er landslaget for alle som er interessert i og driv med folkemusikk og dans. Folkorg er 100 år i år og Bjørnafjorden spelemannslag vil vera med på å markera jubileet. Me byr difor inn til ein heil kveld med Folkemusikk ved Bjørnafjorden.

 

Konsert v/Bjørnafjorden spelemannslag med gjester:
Knut Hamre hardingfele, Rolf Seldal slåttetromme, Eirin Røykenes vokal/kveding og elevar frå kulturskulen.
Durspelsamskipnaden og Bjørnafjorden spelemannslag spelartil dans.

Småretter og open bar!

Bill kr. 350,- ved inngong eller Ticketmaster