Koronapause varer ut året 2020

Koronapause varer ut året 2020

Publisert av Svein Inge Hovland den 08.12.20. Oppdatert 03.03.21.
Hei!

Det vert ikkje øving i spelemannslaget på denne sida av nyåret. Øvingslokalet vårt på Lyngheim er dessverre ikkje så godt eigna for å samlast i, no når koronaen herjer bygd og by.
Vi tek sikte på å ha første øving onsdag 6. januar, men ikkje i Lyngheimtunet. Styret jobbar med å få tak i eit større lokale, slik at smittevernreglane kan følgjast på forsvarleg vis. De vil få nærare beskjed om dette når det nærmar seg.

«Bygdakvelden» 30. januar skal etter planen gå sin gang, så vi treng å øva på repertoaret vårt. Difor sender vi ut notar på det som vi har tenkt å spela den kvelden, og så må alle øva så godt dei kan på eiga hand, fram til 6. januar.

Her er innslaga våre:

1. Myrahuldro
2. Ronja (Ny!)
3. Heidersmannen

Alle melodiane finn de på «Gnist».
Styret vil takka for dei gongane vi har vore i lag dette spesielle året som har gått, og ønskjer alle spelemenn og -kvinner ei god og trygg jul! 🌲🎻🥁 🪗🎸

Helsing
Styret