Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009
14.10.10 02:00
av Svein Inge Hovland
Os Spelemannslag på kappleik i Jostedalen, hausten 2009
Første helga i oktober i år fann Vestlandskappleiken stad i den vesle bygda Gjerde øvst i Jostedalen. Ikkje spesielt rart at spelemønstringa vart arrangert nettopp her, ettersom folkemusikken står særs sterkt på desse traktene: Rundt 100 av dei 350 innbyggjarane er medlemmer i Jostedal spel- og dansarlag.
Os spelemannslag var også med. Ikkje som deltakar i kappleiken denne gongen, men for å få med seg musikken og stemninga, og for å spele til dans laurdagskvelden. 11 osingar reiste i meir eller mindre samla flokk nordover og camperte saman i to hytter på Jostedal campingplass.