Oppstart hausten 2023

Oppstart hausten 2023

10.08.23 17:44
av Svein Inge Hovland

Vel møtt til øvingar på Lyngheim, onsdag 23. august kl. 18.30. Onsdag 30. august vert det slåttespel etter kaffifpausen. Allereie no på laurdag, 12. august kl. 14.00, er det sommarfest på Steindalsetra. Då møtest me på Midstsæter kl. 13.00 og går i lag til Steindalen. Det er meldt bra vêr den dagen, så ta med deg litt mat til korgafesten og sjølvsagt felo. Velkomen!

Les mer
Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

28.05.23 20:52
av Svein Inge Hovland

Onsdag 7. juni kjem felemakar Ole Gjerde på besøk til oss i spelemannslaget. Han vil fortelja litt om stell av feler og om arbeidet sitt frå verkstaden sin i Strandebarm. Det er vel verdt å få med seg denne dagen, så møt opp! Onsdag 14. juni kl.18.00, skal spelemannslaget spela på Fjord´n senter i Eikelandsosen. Etterpå blir det øving på Stallabrotet, og dette blir siste øvingskveld før sommarferien.

Les mer
Aktivitetar våren 23

Aktivitetar våren 23

23.03.23 13:54
av Svein Inge Hovland

Onsdag 29. mars avlyser me øvinga, for det var så få som kunne koma. Etter det er det påske, så neste øvingskveld i Lyngheim vert onsdag 12. april. I mai har me planar om å setja av ein kveld til å gå gjennom ein del notar og lydopptak frå Arne Bjørndals samling.

Les mer
Kolle-kveld, november 2022

Kolle-kveld, november 2022

28.11.22 14:07
av Svein Inge Hovland

Då har me funne ein dato som eg trur vil høve for dei fleste. 30. november kjem Torfinn Kolle, son til Gunvald, på vitjing. Med seg har han eit lite program der han fortel som Sævil-brørne og om faren. Litt liv og levnet, men mest som spel og speltradisjon. Han har også med seg opptak med Gunvald, slik at me kan høyra slåttane rett frå kjeldo. Dette blir ein inspirerande kveld, så prøv å få dette med deg.

Les mer
Godt nytt år!

Godt nytt år!

09.01.22 14:26
av Svein Inge Hovland

Godt nytt år til alle spelemannskvinner og spelemannsmenn i Bjørnafjorden! Det ser ikkje ut for at øvingane kan ta til med det første, for smitterverntiltaka gjer at me ikkje kan samlast onsdag 12. januar, slik me etter planen skulle. Dersom situasjonen endrar seg til det positive, satsar me på å samlast til øving 19. januar kl. 18.30. Om det vert i Lyngheim eller Kløvertun, kjem me tilbake til. 😷

Les mer
Oppstart med øvingar!

Oppstart med øvingar!

10.08.21 20:49
av Svein Inge Hovland

Gode spelemannskvinner og spelemannsmenn! No kjem det som de alle har venta på; oppstart for øvingane i spelemannslaget! Onsdag 18. august kl. 18.30 i 1. etasje i Kløvertun (Sanitetshuset). Håpar alle har hatt ein fin sommar og er klar til å ta fatt igjen etter eit uendeleg langt pandemi-år.

Les mer
Litt info ved solsnu

Litt info ved solsnu

22.06.21 11:08
av Svein Inge Hovland

Øvinga onsdag 23. juni er avlyst. Bygdakvelden 18. september går som planlagt, og første øving etter sommarferien blir onsdag 18. august kl. 18.30 i Kløvertun. Leiaren oppmodar alle til å ha spelelista framfor seg i sommar, og øva spesielt på dei laget skal framføra på bygdakvelden 18. september ("Myrahuldro" og "Heidersmannen). Ønskjer alle ein fin sommar! 😎 Ta deg gjerne ein tur til Steindalen i sommar. Der er det lett å få inspirasjon til båden spel og dans. Nærare informasjon finn du på nettstaden steindalsetra.no

Les mer
Øvingskveld i Kløvertun, 16. juni

Øvingskveld i Kløvertun, 16. juni

01.06.21 17:54
av Svein Inge Hovland

Endeleg, etter ei lang tid med nedstenging av folkemusikken, ønskjer vi velkomne til øving i Kløvertun, onsdag 16. juni kl. 18.00. Pandemien er ikkje over, så vi må følgja smittevernreglande enno ei tid framover. Tørk støvet av og stem fela, gitar, bass og tromme. Trekkspelet treng ein berre finna igjen og turka støvet av. Vi held på til kl. 21.00.

Les mer
Godt nytt år!

Godt nytt år!

04.01.21 15:21
av Svein Inge Hovland

Godt nytt år til alle! Håpar de har hatt ei fin julahelg. Nye retningslinjer frå regjeringa gjer at me ikkje kan møtast til øving den 6. januar likavel. Dersom det blir opna opp att den 18. januar, kan det bli øving onsdag 20. januar. Då blir det informert om det både på e-post og på facebook. Hald ut, og spel masse på eiga hand! 😅

Les mer
Korona-tilrettelagt øving

Korona-tilrettelagt øving

23.12.20 14:01
av Svein Inge Hovland

"Korona-tilrettelagt" øving! I heile januar skal me øva i Kløvertun frå kl. 18.00 - 20.30. (Mrk tidspunket.) Her er det god plass til alle. Oppstart blir 6. januar kl. 18.00. Alle tar med seg litt biteti, og så syter leiaren for kaffi. Styret møter kl. 17.00 for eit lite styremøte. Elles er "Bygdakvelden" i Oseana utsett til 18. september 2021, av di kor og orkester ikkje har fått høve til å vera saman til øving i haust.

Les mer
Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

20.06.17 18:52
av Svein Inge Hovland

Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag, Rosendal, oktober 2014 Det vart ein god øvingslaurdag i lag med Kvinnherad Folkemusikklag. Det viste seg at vi hadde mange runddans-melodiar felles, og i tillegg eit par bygdedans-slåttar. Laget i Rosendal hadde stelt i stand ein skikkeleg god lunsj på barneskulen, der vi òg øvde saman. Om kvelden var det middag og samspel i ”Snikkeriet”.

Les mer
Konsert med Ludo

Konsert med Ludo

20.06.17 19:36
av Svein Inge Hovland

Konsert med "Ludo" i Mattiaskjellaren Botnevik gard (Bjørkeflaten 15, Os) Sundag 9. mars 2014, kl. 17.00 Åsmund Espeland, kontrabass Steinar Rygg, hardingfele/fele Magne Thormodsæter, gitar Norsk folkemusikk og Balkan-rytmar Pris kr. 100,- Arrangør: Os Spelemannslag

Les mer
Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

25.06.17 22:04
av Svein Inge Hovland

Os Spelemannslag på kappleik i Jostedalen, hausten 2009 Første helga i oktober i år fann Vestlandskappleiken stad i den vesle bygda Gjerde øvst i Jostedalen. Ikkje spesielt rart at spelemønstringa vart arrangert nettopp her, ettersom folkemusikken står særs sterkt på desse traktene: Rundt 100 av dei 350 innbyggjarane er medlemmer i Jostedal spel- og dansarlag. Os spelemannslag var også med. Ikkje som deltakar i kappleiken denne gongen, men for å få med seg musikken og stemninga, og for å spele til dans laurdagskvelden. 11 osingar reiste i meir eller mindre samla flokk nordover og camperte saman i to hytter på Jostedal campingplass.

Les mer