Oppstart hausten 2023

Oppstart hausten 2023

10.08.23 17:44
av Svein Inge Hovland

Vel møtt til øvingar på Lyngheim, onsdag 23. august kl. 18.30. Onsdag 30. august vert det slåttespel etter kaffifpausen. Allereie no på laurdag, 12. august kl. 14.00, er det sommarfest på Steindalsetra. Då møtest me på Midstsæter kl. 13.00 og går i lag til Steindalen. Det er meldt bra vêr den dagen, så ta med deg litt mat til korgafesten og sjølvsagt felo. Velkomen!

Les mer
Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

28.05.23 20:52
av Svein Inge Hovland

Onsdag 7. juni kjem felemakar Ole Gjerde på besøk til oss i spelemannslaget. Han vil fortelja litt om stell av feler og om arbeidet sitt frå verkstaden sin i Strandebarm. Det er vel verdt å få med seg denne dagen, så møt opp! Onsdag 14. juni kl.18.00, skal spelemannslaget spela på Fjord´n senter i Eikelandsosen. Etterpå blir det øving på Stallabrotet, og dette blir siste øvingskveld før sommarferien.

Les mer
Aktivitetar våren 23

Aktivitetar våren 23

23.03.23 13:54
av Svein Inge Hovland

Onsdag 29. mars avlyser me øvinga, for det var så få som kunne koma. Etter det er det påske, så neste øvingskveld i Lyngheim vert onsdag 12. april. I mai har me planar om å setja av ein kveld til å gå gjennom ein del notar og lydopptak frå Arne Bjørndals samling.

Les mer
Kolle-kveld, november 2022

Kolle-kveld, november 2022

28.11.22 14:07
av Svein Inge Hovland

Då har me funne ein dato som eg trur vil høve for dei fleste. 30. november kjem Torfinn Kolle, son til Gunvald, på vitjing. Med seg har han eit lite program der han fortel som Sævil-brørne og om faren. Litt liv og levnet, men mest som spel og speltradisjon. Han har også med seg opptak med Gunvald, slik at me kan høyra slåttane rett frå kjeldo. Dette blir ein inspirerande kveld, så prøv å få dette med deg.

Les mer
Godt nytt år!

Godt nytt år!

09.01.22 14:26
av Svein Inge Hovland

Godt nytt år til alle spelemannskvinner og spelemannsmenn i Bjørnafjorden! Det ser ikkje ut for at øvingane kan ta til med det første, for smitterverntiltaka gjer at me ikkje kan samlast onsdag 12. januar, slik me etter planen skulle. Dersom situasjonen endrar seg til det positive, satsar me på å samlast til øving 19. januar kl. 18.30. Om det vert i Lyngheim eller Kløvertun, kjem me tilbake til. 😷

Les mer
Oppstart med øvingar!

Oppstart med øvingar!

10.08.21 20:49
av Svein Inge Hovland

Gode spelemannskvinner og spelemannsmenn! No kjem det som de alle har venta på; oppstart for øvingane i spelemannslaget! Onsdag 18. august kl. 18.30 i 1. etasje i Kløvertun (Sanitetshuset). Håpar alle har hatt ein fin sommar og er klar til å ta fatt igjen etter eit uendeleg langt pandemi-år.

Les mer
Litt info ved solsnu

Litt info ved solsnu

22.06.21 11:08
av Svein Inge Hovland

Øvinga onsdag 23. juni er avlyst. Bygdakvelden 18. september går som planlagt, og første øving etter sommarferien blir onsdag 18. august kl. 18.30 i Kløvertun. Leiaren oppmodar alle til å ha spelelista framfor seg i sommar, og øva spesielt på dei laget skal framføra på bygdakvelden 18. september ("Myrahuldro" og "Heidersmannen). Ønskjer alle ein fin sommar! 😎 Ta deg gjerne ein tur til Steindalen i sommar. Der er det lett å få inspirasjon til båden spel og dans. Nærare informasjon finn du på nettstaden steindalsetra.no

Les mer
Øvingskveld i Kløvertun, 16. juni

Øvingskveld i Kløvertun, 16. juni

01.06.21 17:54
av Svein Inge Hovland

Endeleg, etter ei lang tid med nedstenging av folkemusikken, ønskjer vi velkomne til øving i Kløvertun, onsdag 16. juni kl. 18.00. Pandemien er ikkje over, så vi må følgja smittevernreglande enno ei tid framover. Tørk støvet av og stem fela, gitar, bass og tromme. Trekkspelet treng ein berre finna igjen og turka støvet av. Vi held på til kl. 21.00.

Les mer
Godt nytt år!

Godt nytt år!

04.01.21 15:21
av Svein Inge Hovland

Godt nytt år til alle! Håpar de har hatt ei fin julahelg. Nye retningslinjer frå regjeringa gjer at me ikkje kan møtast til øving den 6. januar likavel. Dersom det blir opna opp att den 18. januar, kan det bli øving onsdag 20. januar. Då blir det informert om det både på e-post og på facebook. Hald ut, og spel masse på eiga hand! 😅

Les mer
Korona-tilrettelagt øving

Korona-tilrettelagt øving

23.12.20 14:01
av Svein Inge Hovland

"Korona-tilrettelagt" øving! I heile januar skal me øva i Kløvertun frå kl. 18.00 - 20.30. (Mrk tidspunket.) Her er det god plass til alle. Oppstart blir 6. januar kl. 18.00. Alle tar med seg litt biteti, og så syter leiaren for kaffi. Styret møter kl. 17.00 for eit lite styremøte. Elles er "Bygdakvelden" i Oseana utsett til 18. september 2021, av di kor og orkester ikkje har fått høve til å vera saman til øving i haust.

Les mer
Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

20.06.17 18:52
av Svein Inge Hovland

Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag, Rosendal, oktober 2014 Det vart ein god øvingslaurdag i lag med Kvinnherad Folkemusikklag. Det viste seg at vi hadde mange runddans-melodiar felles, og i tillegg eit par bygdedans-slåttar. Laget i Rosendal hadde stelt i stand ein skikkeleg god lunsj på barneskulen, der vi òg øvde saman. Om kvelden var det middag og samspel i ”Snikkeriet”.

Les mer
Konsert med Ludo

Konsert med Ludo

20.06.17 19:36
av Svein Inge Hovland

Konsert med "Ludo" i Mattiaskjellaren Botnevik gard (Bjørkeflaten 15, Os) Sundag 9. mars 2014, kl. 17.00 Åsmund Espeland, kontrabass Steinar Rygg, hardingfele/fele Magne Thormodsæter, gitar Norsk folkemusikk og Balkan-rytmar Pris kr. 100,- Arrangør: Os Spelemannslag

Les mer
Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

Vestlandskappleiken i Jostedalen, 2009

25.06.17 22:04
av Svein Inge Hovland

Os Spelemannslag på kappleik i Jostedalen, hausten 2009 Første helga i oktober i år fann Vestlandskappleiken stad i den vesle bygda Gjerde øvst i Jostedalen. Ikkje spesielt rart at spelemønstringa vart arrangert nettopp her, ettersom folkemusikken står særs sterkt på desse traktene: Rundt 100 av dei 350 innbyggjarane er medlemmer i Jostedal spel- og dansarlag. Os spelemannslag var også med. Ikkje som deltakar i kappleiken denne gongen, men for å få med seg musikken og stemninga, og for å spele til dans laurdagskvelden. 11 osingar reiste i meir eller mindre samla flokk nordover og camperte saman i to hytter på Jostedal campingplass.

Les mer
Hausten 2024

09.08.24 09:53
av Svein Inge Hovland

Hausten 2024

Oppstart hausten 2024. Spelemannslaget startar opp att med sine øvingar på Lyngheim, onsdag 21. august kl. 18.30. Progammet for hausten er ikkje heilt klar enno, men det vert minst lika spennande som vårsemesteret.

Les mer...
Folkemusikk ved Bjørnafjorden

15.10.23 20:56
av Svein Inge Hovland

Folkemusikk ved Bjørnafjorden

Laurdag 4. november kl. 19.30. Folkorg er landslaget for alle som er interessert i og driv med folkemusikk og dans. Folkorg er 100 år i år og Bjørnafjorden spelemannslag vil vera med på å markera jubileet. Me byr difor inn til ein heil kveld med Folkemusikk ved Bjørnafjorden.

Les mer...
Oppstart hausten 2023

10.08.23 17:44
av Svein Inge Hovland

Oppstart hausten 2023

Vel møtt til øvingar på Lyngheim, onsdag 23. august kl. 18.30. Onsdag 30. august vert det slåttespel etter kaffifpausen. Allereie no på laurdag, 12. august kl. 14.00, er det sommarfest på Steindalsetra. Då møtest me på Midstsæter kl. 13.00 og går i lag til Steindalen. Det er meldt bra vêr den dagen, så ta med deg litt mat til korgafesten og sjølvsagt felo. Velkomen!

Les mer...
Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

28.05.23 20:52
av Svein Inge Hovland

Felemakar Gjerde kjem til Lyngheimtunet

Onsdag 7. juni kjem felemakar Ole Gjerde på besøk til oss i spelemannslaget. Han vil fortelja litt om stell av feler og om arbeidet sitt frå verkstaden sin i Strandebarm. Det er vel verdt å få med seg denne dagen, så møt opp! Onsdag 14. juni kl.18.00, skal spelemannslaget spela på Fjord´n senter i Eikelandsosen. Etterpå blir det øving på Stallabrotet, og dette blir siste øvingskveld før sommarferien.

Les mer...
Aktivitetar våren 23

23.03.23 13:54
av Svein Inge Hovland

Aktivitetar våren 23

Onsdag 29. mars avlyser me øvinga, for det var så få som kunne koma. Etter det er det påske, så neste øvingskveld i Lyngheim vert onsdag 12. april. I mai har me planar om å setja av ein kveld til å gå gjennom ein del notar og lydopptak frå Arne Bjørndals samling.

Les mer...
Kolle-kveld, november 2022

28.11.22 14:07
av Svein Inge Hovland

Kolle-kveld, november 2022

Då har me funne ein dato som eg trur vil høve for dei fleste. 30. november kjem Torfinn Kolle, son til Gunvald, på vitjing. Med seg har han eit lite program der han fortel som Sævil-brørne og om faren. Litt liv og levnet, men mest som spel og speltradisjon. Han har også med seg opptak med Gunvald, slik at me kan høyra slåttane rett frå kjeldo. Dette blir ein inspirerande kveld, så prøv å få dette med deg.

Les mer...
Hausten 2022

06.07.22 01:00
av Svein Inge Hovland

Hausten 2022

Bjørnafjorden Spelemannslag startar opp att øvingane i Lyngheimtunet, onsdag 31. august kl. 18.30. Vel møtt!

Les mer...
Jonsok 2022

09.06.22 07:01
av Svein Inge Hovland

Jonsok 2022

Spelemannslaget spelar i Mobergsvikjo, torsdag 23. juni kl. 18.00. Før det er det 2 øvingar att før sommarferien, onsdag 15. juni og onsdag 22. juni.

Les mer...
Lyngheimtunet, 8. juni 2022

23.05.22 18:19
av Svein Inge Hovland

Lyngheimtunet, 8. juni 2022

Det blir ikkje øving onsdag 25. mai, og heller ikkje 1. juni. Neste øving blir onsdag 8. juni kl. 18.30 i Lyngheimtunet. Her er repertoaret me øvde på sist onsdag:

Les mer...
17. mai 2022

07.05.22 01:00
av Svein Inge Hovland

17. mai 2022

Bjørnafjorden Spelemannslag spelar på Lurane 17. mai, kl. 11.10 - 11.40.

Les mer...
Årsmøte 2022

01.05.22 22:09
av Svein Inge Hovland

Årsmøte 2022

Onsdag 4. mai, kl. 18.30 held Bjørnafjorden Spelemannslag årsmøte i Lyngheimtunet. Vel møtt!

Les mer...
Spelemannslaget er klar til å samlast igjen!

26.02.22 07:33
av Svein Inge Hovland

Spelemannslaget er klar til å samlast igjen!

Vel møtt til øvingskveld i Kløvertun, onsdag 2. mars kl. 18.30. Dette har vi venta på lenge, og no er endeleg tida inne til å samlast i musikken igjen! Vi kjem til å halda oss i Kløvertun ei stund framover, men flyttar tilbake til Lyngheimtunet etter kvart.

Les mer...
Godt nytt år!

09.01.22 14:26
av Svein Inge Hovland

Godt nytt år!

Godt nytt år til alle spelemannskvinner og spelemannsmenn i Bjørnafjorden! Det ser ikkje ut for at øvingane kan ta til med det første, for smitterverntiltaka gjer at me ikkje kan samlast onsdag 12. januar, slik me etter planen skulle. Dersom situasjonen endrar seg til det positive, satsar me på å samlast til øving 19. januar kl. 18.30. Om det vert i Lyngheim eller Kløvertun, kjem me tilbake til. 😷

Les mer...
Oppstart med øvingar!

10.08.21 20:49
av Svein Inge Hovland

Oppstart med øvingar!

Gode spelemannskvinner og spelemannsmenn! No kjem det som de alle har venta på; oppstart for øvingane i spelemannslaget! Onsdag 18. august kl. 18.30 i 1. etasje i Kløvertun (Sanitetshuset). Håpar alle har hatt ein fin sommar og er klar til å ta fatt igjen etter eit uendeleg langt pandemi-år.

Les mer...
Litt info ved solsnu

22.06.21 11:08
av Svein Inge Hovland

Litt info ved solsnu

Øvinga onsdag 23. juni er avlyst. Bygdakvelden 18. september går som planlagt, og første øving etter sommarferien blir onsdag 18. august kl. 18.30 i Kløvertun. Leiaren oppmodar alle til å ha spelelista framfor seg i sommar, og øva spesielt på dei laget skal framføra på bygdakvelden 18. september ("Myrahuldro" og "Heidersmannen). Ønskjer alle ein fin sommar! 😎 Ta deg gjerne ein tur til Steindalen i sommar. Der er det lett å få inspirasjon til båden spel og dans. Nærare informasjon finn du på nettstaden steindalsetra.no

Les mer...
Øvingskveld i Kløvertun, 16. juni

01.06.21 17:54
av Svein Inge Hovland

Øvingskveld i Kløvertun, 16. juni

Endeleg, etter ei lang tid med nedstenging av folkemusikken, ønskjer vi velkomne til øving i Kløvertun, onsdag 16. juni kl. 18.00. Pandemien er ikkje over, så vi må følgja smittevernreglande enno ei tid framover. Tørk støvet av og stem fela, gitar, bass og tromme. Trekkspelet treng ein berre finna igjen og turka støvet av. Vi held på til kl. 21.00.

Les mer...
Årsmøte/øvingskveld i Kløvertun

03.03.21 11:19
av Svein Inge Hovland

Årsmøte/øvingskveld i Kløvertun

Det blir årmøte 24. mars i sanitetshuset "Kløvertun", kl. 18.00. Etter årsmøte blir det vanleg øvingskveld. Etter denne kvelden tek me påskeferie fram til 7. april, også då i Kløvertun. Vel møtt!

Les mer...
Godt nytt år!

04.01.21 15:21
av Svein Inge Hovland

Godt nytt år!

Godt nytt år til alle! Håpar de har hatt ei fin julahelg. Nye retningslinjer frå regjeringa gjer at me ikkje kan møtast til øving den 6. januar likavel. Dersom det blir opna opp att den 18. januar, kan det bli øving onsdag 20. januar. Då blir det informert om det både på e-post og på facebook. Hald ut, og spel masse på eiga hand! 😅

Les mer...
Korona-tilrettelagt øving

23.12.20 14:01
av Svein Inge Hovland

Korona-tilrettelagt øving

"Korona-tilrettelagt" øving! I heile januar skal me øva i Kløvertun frå kl. 18.00 - 20.30. (Mrk tidspunket.) Her er det god plass til alle. Oppstart blir 6. januar kl. 18.00. Alle tar med seg litt biteti, og så syter leiaren for kaffi. Styret møter kl. 17.00 for eit lite styremøte. Elles er "Bygdakvelden" i Oseana utsett til 18. september 2021, av di kor og orkester ikkje har fått høve til å vera saman til øving i haust.

Les mer...
Koronapause varer ut året 2020

08.12.20 21:38
av Svein Inge Hovland

Koronapause varer ut året 2020

Hei! Det vert ikkje øving i spelemannslaget på denne sida av nyåret. Øvingslokalet vårt på Lyngheim er dessverre ikkje så godt eigna for å samlast i, no når koronaen herjer bygd og by.

Les mer...
Framleis pause i øvingane for spelemannslaget

18.11.20 19:30
av Svein Inge Hovland

Framleis pause i øvingane for spelemannslaget

På grunn av koronasituasjonen må spelemannslaget framleis ha pause frå øvingane i Lyngheimtunet, til og med 2. desember. Leiaren oppmodar alle til å øva på eiga hand, så lenge det ikkje er råd å møtast til felles øving.

Les mer...
Folketonemesse

19.09.20 14:12
av Svein Inge Hovland

Folketonemesse

Sundag 20. september kl. 11.00, 2020, er det folketonemesse i Os kyrkje. Spelemannslaget deltek.

Les mer...
Oppstart hausten 2020

03.08.20 09:45
av Svein Inge Hovland

Oppstart hausten 2020

Oppstart for spelemannslaget må diverre utsetjast ei veka til, slik at øvingane tek til onsdag 2. september kl. 19.00 i Lyngheimtunet. Styret møter kl. 17.30. Vel møtt!

Les mer...
Pause i øvingane

18.03.20 00:00
av Svein Inge Hovland

Pause i øvingane

Koronakrisa har ført til avlysing av øvingane på Lyngheim inntil vidare. Revidert repertoarliste er sendt ut til alle og notane finn de på gnist.styreweb.com Bruk karantenetid og isolasjon til å øva mykje!

Les mer...
Grautfest

05.12.19 14:07
av Svein Inge Hovland

Grautfest

Onsdag 18. desember, kl. 18.30, er det grautfest på Lyngheim i lag med Os Ungdomslag. Pris kr. 50,-. Velkomen!

Les mer...
Lutafisk i Kløvertun

03.12.19 22:49
av Svein Inge Hovland

Lutafisk i Kløvertun

Onsdag 4. desember spelar Os Spelemannslag for lutafiskbordet til Os Fristidsfiskarlag i Kløvertun, Osøyro. Frammøte kl. 18.30.

Les mer...
Bunadbonanza i Oseana

31.10.19 11:08
av Svein Inge Hovland

Bunadbonanza i Oseana

Os og Fusa husflidslag og Os kommune skipar til utstilling av bunadar i Griegsamlinga i Oseana. Opning laurdag 2. november, kl. 14.00. Os Spelemannslag og Os Ungdomslag spelar og dansar. Frammøte kl. 12.30.

Les mer...
Dans på Litlabø, Stord

31.10.19 11:00
av Svein Inge Hovland

Dans på Litlabø, Stord

Os Spelemannslag spelar til dans på Litlabø på Stord, fredag 1. november. Frammøte på Halhjem kl. 17.00. Ferja går 17.15. Frå Sandvikvåg kl. 23.05.

Les mer...
60 års jubileumsfest

19.10.19 12:12
av Svein Inge Hovland

60 års jubileumsfest

Os Spelemannslag feirar 60 årsjubileum, laurdag 16. november 2019. Stad: Stallmestergaarden på Moldegaard.

Les mer...
Velkomen til Steindalsetra!

05.09.19 01:00
av Svein Inge Hovland

Velkomen til Steindalsetra!

Etter å ha vore stengt grunna utbetring av eldstadane, er hytta no open igjen for folk rundt heile Bjørnafjorden. Me ønskjer særskild turlag, speidarar, ungdomslag og skuleklassar velkomen til denne flotte plassen ved foten av Midtsæterfjellet.

Les mer...
Jonsokfeiring

26.06.19 01:00
av Svein Inge Hovland

Jonsokfeiring

Jonsokfeiring i Mobergsvikjo og på Solstrand Hotel og Bad

Les mer...
Hordakappleiken i Oseana, Os

26.03.19 11:59
av Svein Inge Hovland

Hordakappleiken i Oseana, Os

Fylkeskappleiken er vel i hamn! Takk til alle deltakarar frå heile fylket! Det vart ei flott oppleving å sjå den store breidda i folkemusikken. Sjokoladekappleiken sjarmerte publikum i Oseana-salen og det store og flinke ungdomskullet viste oss at fele og folkedans lever i beste velgåande.

Les mer...
Hordakappleik 2019

09.01.19 22:07
av Svein Inge Hovland

Hordakappleik 2019

23. mars arrangerer Os Spelemannslag «Hordakappleiken 2019» i kulturhuset Oseana. Kappleiken er ein forminska utgåve av Landskappleiken, og samlar born, unge og vaksne frå fylket vårt til ei mønstring innan folkemusikk.

Les mer...
Lutafisk i Kløvertun

30.11.18 07:56
av Svein Inge Hovland

Lutafisk i Kløvertun

Onsdag 5. desember blir det speling for Os Fritidsfiskarlag i sanitetshuset Kløvertun. Frammøte kl. 18.30.

Les mer...
Kulturnatt i Bergen

03.09.18 20:12
av Svein Inge Hovland

Kulturnatt i Bergen

Fredag 14. september. Folkemusikk og dans i Gimle. Stad: Gimle, Kong Oscarsgate. 18 Tid: 19.30 – 22.00 Pris: Gratis. Os Spelemannslag spelar frå kl. 21.00!

Les mer...
Grannaheimen på Ringøy

01.09.18 07:56
av Svein Inge Hovland

Grannaheimen på Ringøy

Laurdag 1. september reiser me til ungdomshuset "Grannaheimen" på Ringøy i Hardanger. Her blir det dans til musikk av "Polka med støyt".

Les mer...
Øvingskveld i Lyngheimtunet

21.08.18 08:03
av Svein Inge Hovland

Øvingskveld i Lyngheimtunet

Onsdag 22. august kl. 18.30 startar spelemannslaget med sine øvingar i lyngheimtunet. No blir alle øvingskveldane framover i dette tunet. Vel møtt!

Les mer...
Folketonemesse, Vikøy kyrkje

27.05.18 22:52
av Svein Inge Hovland

Folketonemesse, Vikøy kyrkje

Sundag 17. juni kl. 11.00 er det folketonemesse i Vikøy kyrkje. Os Spelemannslag deltek på gudstenesta og på kyrkjebakken.

Les mer...
Dansekveld på Os

17.01.18 14:14
av Svein Inge Hovland

Dansekveld på Os

Velkomen til Gammaldans/Folkedans på Os Laurdag 17. Mars 2018 kl. 19.00 - 24.00 Stad: "Eldresenteret", Hamnevegen 40, 5200 Os

Les mer...
Oppdrag Fusa

26.01.18 08:03
av Svein Inge Hovland

Oppdrag Fusa

21. februar kl. 17.00, er me inviterte til å spela på Fusa Bu- og behandlingssenter

Les mer...
Lutefisk i Kløvertun

06.12.17 12:20
av Svein Inge Hovland

Lutefisk i Kløvertun

Onsdag 6. desember er det nok ein gong duka for lutafisk i Kløvertun. Det er Småfiskarlaget/fritidsfiskarlaget som byr inn til fest, og spelemannslaget spelar. Frammøte kl. 18.30.

Les mer...
Hausten 2017

13.08.17 19:42
av Svein Inge Hovland

Hausten 2017

Første øvingskveld i haust er onsdag 6. september på Lyngheim

Les mer...
Sommaravslutning med juniorspelemannslaget

18.06.17 09:56
av Svein Inge Hovland

Sommaravslutning med juniorspelemannslaget

Det har vore 3 ivrigre elevar som har vore under opplæring i regi av Os Spelemannslag i året som har gått. Linnea, Olai og Julie held denne kvelden ein liten sommarkonsert i Lyngheimtunet, for foreldre/besteforeldre/sysken og spelemannslaget.

Les mer...
Feleseminar

25.02.17 09:45
av Svein Inge Hovland

Feleseminar

Feleseminar i Lyngheim, laurdag 18. januar kl. 11.00 - 14.00

Les mer...
Småfiskarlaget

28.03.17 20:39
av Svein Inge Hovland

Småfiskarlaget

Kløvertun, lutefisk m/småfiskarlaget Onsdag 7. desember, kl. 18.30 Speleliste, sjå notar og lydfilar

Les mer...
Nye notar lagt til

28.03.17 20:45
av Svein Inge Hovland

Nye notar lagt til

Lilja (springar) Dar kjeme lensmannen (polka-masurka) Ringjaren (vossarudl) Rosendalsvalsen Polka-masurka

Les mer...
Hausten 2016

28.03.17 20:50
av Svein Inge Hovland

Hausten 2016

Første øving for laget i Lyngheimtunet, onsdag 24. august kl. 18.30 Første øving for rekruttane på Os Barneskule, onsdag 24. august kl. 17.00 (yngste) og kl.17.30 (dei eldste)

Les mer...
17. mai 2016

11.06.17 09:13
av Svein Inge Hovland

17. mai 2016

17. mai Kl. 09.30 på Luranetunet Gruppe frå spelemannslaget m/dansarar

Les mer...
Gruppeøving for rekruttane

11.06.17 09:16
av Svein Inge Hovland

Gruppeøving for rekruttane

Gruppeøving for rekruttane. Onsdag 4. mai er det nye øvingstider for dei som er under opplæring. Dei yngste møter kl. 17.00 og dei eldste kl. 17.30. Desse tidene kjem til å vara fram til sommarferien.

Les mer...
Konsert på Luranetunet

11.06.17 09:19
av Svein Inge Hovland

Konsert på Luranetunet

Konsert Luranetunet, onsdag 24. februar, kl. 17.30. Årsmøte på Lyngheim 24. februar, kl. 19.00.

Les mer...
Slåttekurs

11.06.17 09:25
av Svein Inge Hovland

Slåttekurs

Slåttekurs laurdag 6. februar kl. 12.00 – 16.00 Os Barneskule

Les mer...
Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag

11.06.17 09:23
av Svein Inge Hovland

Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag

Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag møtes på Bjørnafjorden Gjestetun, laurdag 30. januar kl. 17.30. Dette blir ein mimrekveld frå turen til Færøyane, mai 2015, med middag, samspel og dans.

Les mer...
Undervisning på fele

11.06.17 09:43
av Svein Inge Hovland

Undervisning på fele

Os Spelemannslag startar undervisning på fele for nybegynnarar, onsdag 9. september, kl. 17.30 – 18.30 Stad: Os Barneskule Kontaktperson: Svein Inge Hovland, tlf.:907 62 802 Epost: svein.inge.hovland@online.no

Les mer...
"Träd in i dansen" 2015

11.06.17 11:38
av Svein Inge Hovland

"Träd in i dansen" 2015

”Träd in i dansen” Svensk folkedansmesse i Os Kyrkje Orkester og Os Spelemannslag Sundag 31. mai kl. 11.00

Les mer...
Tur til Færøyane

11.06.17 21:36
av Svein Inge Hovland

Tur til Færøyane

Os Spelemannslag og Kvinnherad Folkemusikklag 21.5 – 25. mai 2015 reiste laga til Tórshavn på Færøyane.

Les mer...
17. mai 2015

11.06.17 21:45
av Svein Inge Hovland

17. mai 2015

Ei gruppe frå spelemannslaget spelte på kyrkjeflaten, saman med Eirik Søfteland og Fonos.

Les mer...
Lutefisk i Kløvertun

20.06.17 18:49
av Svein Inge Hovland

Lutefisk i Kløvertun

Onsdag 3. desember, 2014, spelar Os Spelemannlag på Os Småfiskarlag sitt lutefiskbord.

Les mer...
Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

20.06.17 18:52
av Svein Inge Hovland

Øvingsdag med Kvinnherad Folkemusikklag

Kvinnherad Folkemusikklag og Os Spelemannslag, Rosendal, oktober 2014 Det vart ein god øvingslaurdag i lag med Kvinnherad Folkemusikklag. Det viste seg at vi hadde mange runddans-melodiar felles, og i tillegg eit par bygdedans-slåttar. Laget i Rosendal hadde stelt i stand ein skikkeleg god lunsj på barneskulen, der vi òg øvde saman. Om kvelden var det middag og samspel i ”Snikkeriet”.

Les mer...
Konsert med Ludo

20.06.17 19:36
av Svein Inge Hovland

Konsert med Ludo

Konsert med "Ludo" i Mattiaskjellaren Botnevik gard (Bjørkeflaten 15, Os) Sundag 9. mars 2014, kl. 17.00 Åsmund Espeland, kontrabass Steinar Rygg, hardingfele/fele Magne Thormodsæter, gitar Norsk folkemusikk og Balkan-rytmar Pris kr. 100,- Arrangør: Os Spelemannslag

Les mer...
Hundedagssamling i Søymyro

22.06.17 16:44
av Svein Inge Hovland

Hundedagssamling i Søymyro

Vel møtt til hundedagssamling 2013 i ”Søymyro” under Svinningen, 17. august kl. 15.00! Frammøte v/golfhuset i Øvredalen kl. 13.30. Ta med instrument!

Les mer...
Jonsok i Mobergsvikjo 2013

22.06.17 17:31
av Svein Inge Hovland

Jonsok i Mobergsvikjo 2013

Vêret var på sitt mest vestlandske denne kvelden, men opplegget frå arrangørane var heilt topp. Store og varme grillar stod klare, bålet knitra i fjero og scena og lydopplegget var skikkeleg bra.

Les mer...
"Träd in i dansen" 2011

25.06.17 12:26
av Svein Inge Hovland

"Träd in i dansen" 2011

"Träd in i dansen" Svensk folkedansmesse i Oseana Sundag 26. juni 2011 Eit par frå spelemannslaget var med i orkesteret.